Work Area

(Information for local Norwegian marine traffic. )

Selskapet Waves4power  AS utviklar flytande, fast forankra bølgjekraftanlegg av typen WaveEL. Selskapet har fått løyve til å ha eit anlegg av denne typen i inntil tre år om lag 500 m vest for Måganeset på Runde i Herøy kommune.  Utplasseringa vil skje med spesialfarty i veke 6/2016. Samtidig vil Tussa legge ein ny sjøkabel frå bøyelokaliteten og inn til Sæviksteinen på Remøya, langs eksisterande sjøkabel.

Anlegget vil bestå av ei synleg bøye med 8 m diameter, forankra til tre store anker.  Ei mindre bøye for kabeltilknyting vil ligge i ca 100 m avstand SE for bøya. Fire markeringsbøyer med blinklys og radarreflektor vil markere testområdet der det vil vere begrensingar på ferdsel.  Arbetsområdet vil ha følgjande koordinatar:

A 62º 23′ 27.28″N  5º 34′ 47.01″ E
B 62º 23′ 28.39″N  5º 35′ 43.28″ E
C 62º 23′ 09.86″N  5º 35′ 06.57″ E
D 62º 23′ 10.61″N  5º 36′ 01.70″ E
Spørsmål om bøya kan rettast til Waves4power ved Jan Melsom, tlf :  +47 900 58 578
Spørsmål om sjøkabelen kan rettast til Tussa Svein Vassbotn mobil +47 916 96 095